lørdag 28. juni 2014

Å nyta moralsk høgverd

Dette innlegget står på trykk i Dag og Tid nr 26 for 27. juni 2014:

Politisk redaktør av den danske Weekend-avisen, Arne Hardis, hevder i ein samtale med Jon Hustad i D&T nr 22 at «Det gjev ikkje meining å kalla ein fjerdedel av danskar for rasistar eller høgreradikale». Men for mange i Noreg gir det svært stor meining, og ikkje minst nyting, å hevda det. For det gjer ein sjølv så mykje betre. Med god samvit og omsutsfullt sinnelag. Terje Tvedt har i boka «Utviklingshjelp, utenrikspolitikk og makt» skrivi om det norske utviklingsmiljøets «opphøyde beskrivelse av seg selv» og «moraliseringens diskursive herredømme». Tvedts treffande påpeikingar av dei norske haldningane til utviklingshjelp, det han kallar «det sørpolitiske prosjekt» og eit «dannelsesprosjekt» samlar han i omgrepet «det nasjonale godhetsregime». Det meiner eg i fullt mon og gjeld i saker som dreier seg om innvandring, «rasisme» (kva er eigentleg det no for tida?) og motstand mot like rettar og plikter for alle.

Såkalla «venstreorienterte» personar og parti høyrer med til dei velutdanna og høgtlønna personane i Noreg, ofte offentleg løna. Korleis argumenterer dei overfor veljarane til Framstegspartiet? Mest seg imellom, og med hån og forakt. Dei legg ikkje fram tal for kor mange som kan få komme inn i «det norske spleiselaget», til kva pris og kvifor det skal gjelda eigne regler for dei. Mange parti i Europa blir av «dei ansvarlege» utpeika som både «populistiske» og «høgreradikale», men er meir som Hardis peikar på at Dansk Folkeparti er: «eit djupt sosialdemokratisk parti med eit nasjonalt utgangspunkt». Rett nok er Framstegspartiet eit klårt høgreparti, men med ei atypisk innvandringspolitikk til eit høgreparti å vera, og det som dreg svært mange arbeidsfolk til seg. Langt meir enn dei to lilleputtpartia SV og Rødt til saman. Men SV/Raudt saman med framståande synsarar gjer eit val, prioriterer å syna godheit ved gje eit klårt inntrykk av at alle Europas og verdas fattige kan koma til Noreg, og at til dømes bruk av nikab er noko av det viktigaste å forsvara. Resultatet av dette valet vert eit større Framstegsparti — og meir økonomisk høgrepolitikk. Hardis seier at det i Danmark «er mest slutt på all moralismen …om dårleg menneskesyn …». Det kan ein diverre ikkje seia er stoda i Noreg. Problemet med «den barmhjertige samaritan» i det norske «godhetsregimet», innarbeida i lang tid, er mykje verre å vinna over. For vissa om sin eigen overlegne moral er som ein rus å nyta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar