onsdag 26. mars 2014

Kvar vart Rudolf Nilsen fødd?

Innlegg i Dag og Tid nr 12 2014:

I Dag og Tid nr 11 skriv Martin Nag at Rudolf Nilsen vart «fødd i Tromsøgata 6 på Vålerenga». Noko må vera feil her. For Tromsøgata ligg ikkje på Vålerenga, men på Rodeløkka. Vart Rudolf Nilsen fødd i Tromsøgata, vart han ikkje fødd på Vålerenga. Det er ikkje registrert noko i Byarkivet om den første adressa til Rudolf Nilsen. Men i noko som heiter «Ministerialbok for fødte 1899 – 1915» står det under levende fødte i 1901 i nr. 62: 
"født 28/2, døpt 5/5, fullt navn Rudolf William, foreldre; Jernbanearb. Karl Oskar Nilsen og Hstr. Karoline f. Andersen, bopel Orknøgaden 6, 4.et.» Dette høver og med den boka som Martin Nag utga saman med Jon Michelet i 1974 på Forlaget Oktober AS: «Rulle forteller. Rudolf Nilsens prosa i utvalg». Bak i denne boka står det ein biografi over Rudolf Nilsen, og om 1901 står det: «Rudolf William Nilsen blir født den 28. februar i Orkenøgata 6 på Vålerenga. …1902: …flytter til Ingeborggata 9 på Vålerenga.…»

Kva som er rett om Nilsens fødestad, er ikkje eg den rette til å seia noko sikkert om. Men opplysningane frå Martin Nag og Jon Michelet i 1974 er i samsvar med det dei fleste legg til grunn, og ikkje det Martin Nag skreiv i nr 11 av Dag og Tid 2014.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar