mandag 5. august 2013

Ivar Aasen 200 år: Striden for nynorsk - vikande eller i framgang?


Nynorsk er meir enn eit språk. Gunnar Skirbekk seier at «Språk har og med kulturell identitet og historie å gjera». 

Å koma austfrå og sjå at nynorsk er eit levande språk på Vestlandet, ergrar nok mange, om dei då oppdagar at butikken sel mjølk og ikkje «melk». Men også språk treng hjelp og omsut for å overleva. Difor er det svært leit at Høgre no er blitt eit parti som kjempar mot at nynorsk skal vera eit fag med eigen eksamen og karakter. Det er eit resultat av kampen mot nynorsk at endringa var føreslegen, og difor bra at framlegget vart vist attende. Det viser at Høgre har mist all truverde som eit verdikonservativt parti når dei vil nynorsken til livs.

Sjølv møtte eg nynorsken mest gjennom skulen, og NRK. Samstundes hadde eg slekt frå Vestlandet, så det høvde i grunnen bra å lika nynorsk. Mykje betydde det at norsklæraren min på realskulen, den seinare leiar av bokmålsseksjonen i Språkrådet, Arnold Thoresen, skrøyt av nynorsken min til faren min og lurde på korleis eg kunne ha eit så godt grep om nynorsken. Eg hugsa òg dei rike døtrene på gymnaset som fekk betaling av faren sin for å få dårlegast mogeleg karakter i nynorsk!

Men det var den gong. Seinare gjekk det nokre år, og eg vart påverka av den nye venstreorienterte politiske striden for nynorsk. Eg prøvde å læra meg nynorsk på nytt, og starta å nytta nynorsk i arbeidet i trygdeetaten. Eg vart betre i bokmål òg, av å skriva ein del på nynorsk. Merkelege ord som «ervervsevne» i folketrygdlova starta eg arbeidet med å fornorska til «inntektsevne», vel eit godt ord på båe målføre? Det er no nytta i lova, utan at eg hugsar kven som hadde makt til å få det inn i lova.

Striden for nynorsk i trygdeetaten vart for meg òg ein strid for nynorsk i offentlig administrasjon og mellom folk. Ein datasjef i Rikstrygdeverket avviste at det var datateknisk mogeleg å senda ut trygdeskriv på nynorsk til dei som bad om det i bokmålskommunar, enda skatteetaten alt hadde denne ordninga. Datasjefen tapte.

Men eg kan ikkje forstå at tilhengjarane av nynorsk har føre ein serleg smart kamp for sitt målføre. Kravet om at alle tilsette i staten skal kunna nytta båe målføre, har dei gitt avkall på utan kamp. Nynorskmotstandarane har skove innvandrarar og dei med lågast inntekt framfor seg i kampen mot nynorsk, og har fått med seg mange som står politisk til venstre (?) til motstand mot nynorskkrava. Endå mange av dei same folka har som hovudtese at ein somaliar ikkje kan læra norsk før ho har lært somalisk. Men nynorsk går det ikkje for dei å læra; krev du nynorsk av dei om dei skal få jobba i den norske staten, då diskriminerer du!

Ein annan sak er reglane for om ein kommune er ein nynorskkommune eller ein bokmålskommune. Departementet har reglar for slikt, og ei offentleg liste for målet i kommunane. Det er ikkje nok for ein kommune å vedta at den er ein nynorskkommune. For om Voss endrar kommunegrensa 5 meter i høve til nabokommunen, slår staten med sitt departement til og vedtek at frå no av er Voss ein språkleg nøytral kommune. Heilt til kommunestyret i Voss på nytt fattar vedtak om at dei er ein nynorskkommune, om dei i det heile har oppdaga at staten har degradert dei som nynorskkommune etter grensejusteringa.

Slik driv nokre politiske nynorskmotstandarar i statsmakta og underminerar nynorsken sin stilling. Eg skjønar ikkje kvifor Noregs Mållag og nynorskbrukarane har vore så svak på å kjempa for å halda på dei formelle rettane til nynorsken som dei har kjempa fram. Då er det ikkje rart dei tapar.

Merkeleg er òg tendensen i Språkrådet til å gjera mest alle bokmålsord tillate i nynorsk. Kva er då meininga med nynorsk?

Nynorsk er eit særs godt norsk språk, nærare talemålet enn det danskbaserte bokmålet. Og likare austnorsk enn mange vil ha det til. 


Nokre nynorsktilhengjarar meiner at framtida er god for nynorsken. Professor i språk ved Universitetet i Tromsø, Trond Trosterud, seier til Klassekampen i dag (i ein bokmålsartikkel!) at det er 800 000 som nyttar nynorsk i dag, at nynorsk er verdas 44. mest brukte språk på wikipedia og at mellom anna www.regjeringa.no gjennom internett informerar på nynorsk. Heller ikkje finst det etter Trosterud si meining teikn på at antall skribentar som nyttar nynorsk går ned. Medan altså Sylfest Lomheim har spådd alt norsk mål, båe nynorsk og bokmål, sin daud om hundre år.

Om dei mest ignorante åtaka på nynorsken frå rett etter siste krig ikkje er mogeleg i dag, slik Skirbekk hevder, så trur no eg likevel at nynorsken er på defensiven. For mange er den nynorske grammatikken krevjande. Med privatisering av offentlege etater følgjer forbod mot nynorsk. Når ein tilsett i staten ikkje lenger treng kunna nynorsk, fell snart og retten til å få svar på nynorsk.

Og bakom syngjer engelsken…

Den danskprega sosiolekten utvikla på Oslos velståande vestkant meiner eg står sterkare politisk enn kan hende nokon gong. Og trugsmålet frå engelsk aukar sterkt. Som dei same folka strir for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar