mandag 4. februar 2013

Uten Stalins seier i Stalingrad, ville Bernt Hagtvet vokst opp i Hitlers europeiske nazirike


Bloggeren på en t-banestasjon i Paris.
Nok en gang skal Bernt Hagtvet opptre for sin livs-gjerning. Norske venstre-orienterte skal stemples som volds-romantikere og tilhengere av drap og diktatur. På torsdag 7. februar skal han sammen med Øystein Sørensen og Bjørn Westlie opptre med programmet «Venstrekstremisme - ideer og bevegelser» på Litteraturhuset i Oslo – hele dagen fra kl 9 om morran til kl 16. 

En kvinnelig sovjetisk oberst heiser Sovjet-flagget
på Riksdagsbygningen i Berlin 7. (?) mai 1945.
Brandenburger Tor i bakgrunnen.
Hagtvet har altså valgt seg dette temaet fem dager etter at byen Volgo-grad feira at det var 70 år sida Sovjet-unionen vant det slaget som ble begynnelsen på slutten for Nazi-Tysklands nederlag. Sovjetstyrkene under Stalins ledelse feide tyskerne helt tilbake til Berlin, der regimet blei fysisk gravlagt. Kunne det i stedet ha vært USA og Storbritannia som beseira Nazi-Tyskland på bakken i Europa og i Tyskland? Sannsynligvis ikke. Faktum er uansett at det var Sovjet som mosa nazilederne ned i sanda rundt Brandenburger Tor, slik at både Bernt Hagtvet og jeg kunne bli født i et Norge som ikke lenger blei okkupert av Hitlers naziregime. Hagtvet er altså svært misfornøyd med Stalins innsats. Hva ville han vært mer fornøyd med?

Den 2. februar i år, på årsdagen for seieren og tyskernes kapitulasjon i Stalingrad, tok byen for denne ene dagen tilbake navnet Stalingrad. Borås Tidende skriver

Volgograd blev åter Stalingrad
Volgograd i sydvästra Ryssland bytte på lördagen tillfälligt tillbaka till det gamla namnet Stalingrad
Det när landet högtidlighöll 70-årsdagen av det våldsamma slaget i staden. Gratisbussar med porträtt av Stalin trafikerade gatorna och vid den okände soldatens grav samlades tusentals ryssar till en minnesceremoni.
– Jag är här för att hedra mina kamrater som dog här, sade 89-årige Pjotr Chabarov.
President Putin väntades till staden senare under lördagen.
I dåvarande Stalingrad besegrade Röda armén tyskarna 1943 och ändrade därmed kursen för andra världskriget. Totalt dog två miljoner människor under det halvårslånga slaget.

Pål Nisja-Wilhelmsen skriver i Nettavisen mer inngående om de militære sidene ved slaget, mens New York Times omtaler begivenheten slik.

Den politisk mest interessante kommentaren har imidlertid Hans Ebbing i Klassekampen i dag, i sitt FOKUS på side 2. Artikkelen er gitt ingressen «Kommunismen i aust berga demokratiet i vest». Ebbing spør i denne artikkelen: Kva ville ha skjedd dersom Sovjet hadde mislukkast ved Stalingrad? Viss Hitler hadde hatt ryggen fri mot aust i 1944, kunne han i staden samla minst 70 %, ikkje berre ca 20 %, av stridskreftene sine i vest for å hindre at dei allierte kom seg i land. Kva slags etterkrigskart over Europa ville vi då fått? Måtte dei allierte til slutt ha brukt atombomba over Europa for å knekke Hitler? To veker etter Stalingrad let Hitler propagandaminister Josef Goebbels erklære «den totale krig». Eller hadde dei allierte måtta gjere ein avtale med Hitler? Ingen veit, men det er lov å spørje. 

Og Ebbing spør: Det var altså kommunismen i si nådelause, stalinistiske form som berga det liberale demokratiet i vest. Det er den moderne historia sitt paradoks - ein del av vår kollektive, historiske gløymsle. Just presis. Hagtvet vil nok si at han verken ville ha Hitler eller Stalin. Men det var ikke valget. Enten ble det Stalins seier og et fritt Norge, for Stalin ville ikke ha Norge, eller Hitlers seier og et fortsatt naziokkupert Norge. Det var kanskje ikke så feil likevel, det at det langs Karl Johan i 1945 hang bannere med at vi takka for Stalins innsats. Eller hva, Hagtvet?

Her er hele artikkelen til Hans Ebbing, slik den stod i Klassekampen i dag, gjengitt med hans tillatelse og i kursiv:

STALINGRAD OG VI
Når det er krig, blir demokratiet sett i parentes. Etter krigen må det gjenreisast på nytt grunnlag. I desse dagar er det 70 år sidan grunnlaget for det liberale etterkrigsdemokratiet, slik vi kjenner det, vart lagd.

I juni 1941 gjekk nazi-Tyskland til åtak på Sovjetunionen. Eit og eit halvt år seinare, 2. februar 1943, overgav den tyske 6. arme seg ved Stalingrad. Slaget om Stalingrad hadde over 1,7 millionar falne og såra, flest på sovjetisk side. Det vart vendepunktet for ein krig som kosta livet til 26,6 millionar sovjetborgarar, av desse 15,2 mill. sivile. I krigen gjekk det med vel 63 millionar i alt, av desse altså 41 prosent i Sovjet åleine. Dessutan 6 mill. jødar i Holocaust. USA mista 300 000, Storbritannia 512 000, dei vestallierte i alt vel 1,5 mill. (2,4 %). Kina, Tyskland, Japan, Polen og andre mista til saman 35 millionar.

Vestmaktene hadde lova Stalin å opne «den andre front» i vest i 1942 for å avlaste presset på Sovjet. Men denne fronten vart ikkje etablert før ved D-dagen, 6. juni 1944. I mellomtida var det mest berre Sovjet og geriljaen under kommunisten Tito i Jugoslavia som var i stand til å yte Tyskland effektiv motstand på bakken i Europa.

Då dei allierte endeleg gjekk i land ved Normandie i 1944, stod 70 prosent av Tysklands krigsmakt på austfronten for fåfengt å hindre sovjetisk framrykking, resten stod i vest, i sør (Italia) og i Norge. Det var på hengande håret at dei allierte greidde å gå i land i Normandie, viss vi skal tru den britiske forfattaren Antony Beevor i boka om D-dagen. Slaget om Normandie! Beevor avsluttar boka si med å spekulere over kva som kunne ha skjedd dersom det hadde gått gale i Normandie og dei allierte slått tilbake. Han konkluderer slik: «Hvis D-dagen hadde mislyktes, ville det gitt Den røde hær muligheten til å nå ikke bare Rhinen, men til og med atlanterhavskysten. Etterkrigskartet og Europas historie ville faktisk blitt svært annerledes.»

Beevor har også skrive ei bok om Stalingrad. Men i denne boka gløymer liberalaren Beevor å stille det tilsvarande spørsmålet: Kva ville ha skjedd dersom Sovjet hadde mislukkast ved Stalingrad? Viss Hitler hadde hatt ryggen fri mot aust i 1944, kunne han i staden samla minst 70 %, ikkje berre ca 20 %, av stridskreftene sine i vest for å hindre at dei allierte kom seg i land. Kva slags etterkrigskart over Europa ville vi fått? Måtte dei allierte til slutt ha brukt atombomba over Europa for å knekke Hitler? To veker etter Stalingrad let Hitler propagandaminister Josef Goebbels erklære «den totale krig». Eller hadde dei allierte måtta gjere ein avtale med Hitler? Ingen veit, men det er lov å spørje.

Det var altså kommunismen i si nådelause, stalinistiske form som berga det liberale demokratiet i vest. Det er den moderne historia sitt paradoks - ein del av vår kollektive, historiske gløymsle.

Då historikaren, marxisten og kommunisten Eric Hobsbawm ein gong vart spurd om han meinte det ville ha vore verd å ofra dei millionane som gjekk med under Stalin-tida i Sovjet om det hadde lukkast å bygge eit kommunistisk samfunn med eit slikt offer, svarde han ja! Det vekte stor forskrekking i liberale krinsar, noko nekrologen i det liberale flaggskipet New York Times over Hobsbawm, som døydde 1. oktober i fjor, 95 år gamal, ikkje gløymde å minne lesarane sine om.

Det spørsmålet som då naturleg reiser seg er om liberalarar flest meiner det var verd å ofre 26,6 millionar sovjetborgarar i kampen mot fascismen slik at det liberale, vestlege demokratiet, slik vi i dag kjenner det, vart berga, sidan dette demokratiet ikkje greidde det åleine?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar