torsdag 11. oktober 2012

Om DDR, etter nokre timar i 1983


Brit Bildøen skreiv i Klassekampen 5. oktober om DDR. Jeg hang meg opp i at hun hadde besøkt Øst-Berlin fra Vest-Berlin sommeren 1983, og «måtte veksle ein ganske stor sum pengar for eit dagsbesøk». Jeg var også i Tyskland og Berlin, og Øst-Berlin, «Berlin - Hauptstadt der DDR», sommeren 1983. Den store summen penger dreidde seg om 25 vest-mark. Jeg skreiv derfor denne kommentaren til hennes artikkel:

Brit Bildøen skriv om DDR og korleis livet var der og spør korleis dei kunne leve der. Ho skriv mellom anna på grunnlag av nokre timar i Aust-Berlin i 1983, der ho «måtte veksle ein ganske stor sum pengar for eit dagsbesøk». Eg var òg i Berlin sumaren 1983. Den store summen pengar som ein måtte veksla inn i 25 DDR-mark var 25 vest-tyske mark. Tilsvarande rundt 255 kr i dag målt etter konsumprisindeksen. Er det ein stor sum pengar?

Gatene i «Berlin — Hauptstadt der DDR», som DDR likte å kalle bydelen vi i vest kalte Aust-Berlin, var korkje folketomme eller fargelause frå Alexanderplatz til Brandenburger Tor i 1983, berre ikkje så mykje reklame som i vest.

Bildøen tek opp interessante sider om livet i DDR i sin fredagsartikkel frå dei kjeldane ho nyttar. Ho kunne tenkt på kvifor Stephan Heym, den tidlegare USA-agenten, jøden og sosialisten, heller ville bu i DDR enn i vest? Ein stat som nekta han å gi ut bøkene sine der? Og kvifor ville Bertolt Brecht bu i ein sånn stat? Og dei var ikkje åleine med slike val. Interessant er og beretninga til Per E. Fosser i boka «DDR – landet som bare ble borte».

DDR var tufta på sovjetiske bajonettar, og utan dei og med den Sovjet-kontrollerte aust-europeiske marknaden borte, kunne ikkje DDR overleve. I DDR budde det 17 millionar menneske. Det var omfattende overvaking og undertrykking, men det var dog ikkje like mange STASI-agentar som innbyggjarar? DDR var eit land utan demokratiske rettar og utan rettstryggleik, men i kor stor mon kjente mange at dei levde i eit vilkårslaust terrorregime? Folk som levde i DDR kjenner seg kan hende heller ikkje att i den hoverande sigersikre omtalen av livet i DDR, og haldninga dei nye landsmenna i vest møtte dei med. Så er det òg lett å gløyma: I vår «verd» med «fargerik» reklame og eit hektisk liv, er det ikkje lett å forstå korleis nokre kan tenkja annleis om eit slikt liv. Innbyggjarar i eit krigsherja land etter to verdskriger set pris på økonomisk tryggleik, ein heim og eit roleg liv. Til slike behov ikkje lenger var nok. Til slutt gjorde mange nok innbyggjarar motstand. Og stormaktene meinte det var på tide å la den andre verdskrigen ende.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar